Skoleklasse

Skjærgårdsfisk Visningssenter

Skjærgårdsfisk Visningssenter vart starta opp i 2009. Grunnlaget var då som det er i dag. Eit sterkt ynskje om å vidareformidla og dele av den tradisjonen og kunnskapen som er opparbeida gjennom mange år i ei næring i sterk vekst, og som i dag har utvikla seg til å bli ei av verdas mest bærekraftige storskal matproduksjonar.

Frå pionertida på 60-talet til dagens moderne oppdrett har det skjedd mykje. Hos oss får dei besøkande sjå korleis dagens lakseoppdrett føregår i praksis og ikkje minst korleis næringa har blitt til det den er i dag.

Familie

Om opplevinga

I den landbaserte delen av visningssenteret får dei besøkande gjennomgang av ulike delar av næringa. Diverse videoar og informasjonsmateriell, utstilling og bildete frå 60 tallet og fram til i dag, og ikkje minst kunnskap og engasjement frå dei ansatte legg grunnlaget for den landbaserte delen av ei visning. Her har me og eit samlingslokale med sitteplassar til nærare 100 personar. Her får skuleklassar og andre grupper servert grilla laks som ein del av besøket. Rommet kan og leigast til kurs\konferanse, feiringar eller andre arrangement og er fullt utstyrt med projektor og lydanlegg.

Den for mange mest spennande delen av eit besøk hos oss er turen med båt ut til anlegget. Der kan besøkande med eigne auge kan sjå korleis oppdrett fungerer i 2015. Mating av fisken frå merdkanten, besøk på forflåten og kontrollrommet gjer god innsikt i det som føregår både over og under overflata.

Folk  og  historie

Folk og historie

Oppdrettsselskapet SkjærgårdsFisk AS vart stifta av Reidar Marøy i 1963. Forretnings ideen var oppdrett av regnbueørret for salg i distriktet noko som etterkvart utvikla seg til oppdrett av laks og eksport. Sønnen Arthur Marøy var med frå byrjinga og er i dag med sin kunnskap og sans for gode historiar ein viktig del av visningssenteret der han ivrig fortel om dei erfaringar han har gjort seg gjennom et liv tett på ei næring i stor vekst.

SkjærgårdsFisk AS er ei pionerbedrift som i byrjinga vart møtt med skepsis.
Ettertida har vist at pionerane var framsynte. Men det var mange års hardt arbeid og mykje forsaking før ein tjente pengar. Like fullt har slike bedrifter både tradisjon og fagkunnskap, som både samfunnet og næringen er tjent med å ta vare på.
Første anlegget blei bygd i Færingsundet ved Radøy og første yngelen vart satt ut i anlegget sumaren 1964. Den blei fora fram på våtfôr laga av sjølvfiska pal (småsei).
Etter kvart bygde bedrifta rammeverk og merd. Landets første stålramme vart sveisa i hop i fjæra på Marøy. Ørretproduksjonen haldt fram til 1981. Første laksesmolten vart satt i sjø i 1974. Siden 1981 er det stort sett laks me har produsert. I nyare tid har Skjærdgårdsfisk slått seg samen med og blitt ein del av Lingalaks AS. Eit familieeigd oppdrettselskap med base i Hardangerfjorden.

Magnar Ottesen er ein annan erfaren travar som jobbar ved visningssenteret. Mange år i næringa, blant anna som daglig leiar ved Skjærgårdsfisk AS, med bakgrunn som lærar, og med eit brennande engasjement for laks og oppdrett gjer Magnar til er ein viktig bidragsytar og formidlar ved visningssenteret.

Snorre Marøy fraktar dei besøkande trygt ut på anlegga i vår flotte Polarcirkel RIB. Fult utstyrt med sikkerhetsutstyr, og med flytedrakter til alle får gjestane ein trygg og spennande tur mellom holmane. Snorre kjenner skjærgården som si eiga bukselomme og har mange års erfaring som båtførar i området. Snorre har og god kjennskap til næringa og jobbar blant anna som mekanikar hos Skjærgårdsfisk.

Folk  og  historie